Hjem   -   Hotellet   -   Kurs & Konferense   -   Restaurant

VELKOMEN TIL VÅR
HISTORISKE RESTAURANT

Vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest. Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal du skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos oss er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.

A LA CARTE RESTAURANT

Kjøkkensjef Bodil er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt. Menyane hennar består av heimelaga rettar med råvarer frå lokale produsentar.

Opningstider Restaurant Stovene
Måndag - laurdag 13:00 - 22:00
Søndager 13:00 - 20:00

Sjå menyen vår

LOKAL MAT

I vår historiske restaurant kan vi tilby ei reise i lokale smakar. Geit, lam, gris og okse er frå lokale bønder. Viltet er frå lokale jegarar. Fisken er frå Gloppen eller like ute ved kysten. Bær, frukt og nokre grønsaker er dyrka på Sandane og mykje av baksten lagar vi sjølv. Spekematen er frå eige produksjonskjøkken og stabbur. Urtene skaffar vi frå Høgt og Vilt- ein gard uti fjorden.

Les meir

GLOPPEN BRYGG

Gloppen Brygg er vårt eige mikrobryggeri og starta opp som Norges minste mikrobryggeri, i kjellaren på hotellet. På grunn av behov for større plass til større volum er bryggeriet no stasjonert i bygget like bak hotellet (i bakhagen). Dag Håkon Moen er bryggerisjef, samt food and beverage manager på hotellet. Han er utdanna ølkelnar og står for brygginga av vårt stolte øl. 

Les meir

ØLSMAKING

Vi arrangerar ølsmaking, både som enkeltståande aktivitet, og enklare versjonar i samband med julebord.

Vi har også ølfjøler med alle typane brygg på vår haust a la carte med god spekemat til.

Les om våre øltypar

Følg oss på sosiale medium
Facebook
Instagram
Vi elskar feedback!
Har du spørsmål?
Tel: 57 86 53 33
Kontakt: post@gloppenhotell.no